Mandag 06 sep, 2010

Landsskyttarstemnet 2008 er igang!

Hovudsponsorar
Sparebanken Sogn og Fjordane Sunnfjord Energi Firda Enivest HV 11
Andre støttespelarar
Førde Kommune Fjord1 Sogn og Fjordane Fylkeskommune Sunnfjord Energi Umoe IKT Inventum Relacom Sivilforsvaret

Førdefolk på tv

Publisert: 01 aug 2008
Landsskytterstevnet 2008

Skyttarfolket er på veg heim, då blir det meir plass til Førdefolk og Sunnfjordingar. Nytt høve til å oppleve Landsskyttarstemne på ekte. Det blir 10 år til neste gong skyttarfesten kjem til byen. Speaker, storskjerm og elektroniske resultattavler gjer at alle kan følgje konkurransen. Ekstra kjekt blir det om NRK kan vise fram eit entusiastisk lokalpublikum på siste dagen av LS 2008.

Frå kl 08:00 er det finalar fram til Prinsesselaget kl 11:00 og Kongelaget kl 12:00. Vår eigen Mona Isene med på kongelaget. Det skulle vere grunn nok til å ta turen ut på skyttarstadion.

Ta ein tidleg middag i Serveringsteltet til Rica Sunnfjord hotell. I morgon serverer dei svinesteik, kr 120,- pr porsj. Velkomen til Skyttarstadion.

Full valuta

Publisert: 01 aug 2008
Landsskytterstevnet 2008

Eit par tusen publikummarar fekk full valuta på finalen Stang/Felthurtig. Ein entusiastisk stemning laga ein festleg ramme rundt konkurransen. På finale Stang gjeld flest muleg treff på 25 sekund på to ulike hald, finale Felthurtig gjeld det å treffe blink på tre ulike hald, på kortast muleg tid.

Dei mest entusiastiske reiser berrre for å oppleve denne finalen under Landsskyttarstemnet. For dei som ikkje var her, kan sjå opptak på NRK 20:20 i kveld.

Texsas-skyting

Publisert: 01 aug 2008
Landsskytterstevnet 2008

Finale Stang/Felthurtig klokka 14:00 er ein publikumsvinnar. Fart og spenning blir det på ein ny arena. Publikum kan følgje finalen frå eit naturleg amfi med god utsikt til konkurransen. I tillegg er det sett opp ein storskjerm som gir publikum høve til å følgje skyttarar og resultat tett på. Dette blir moro!

Ny flott dag på skyttarstadion

Publisert: 01 aug 2008
Landsskytterstevnet 2008

Det er eit tett finaleprogram i heile dag. Noregsmeister i felt blir kåra. Publikumsvinnar og TV-overført, er finale Stang/Felthurtig. Elles ut på dagen vert det kåra meistrar i veteran klassene. Eldste skyttar er i sitt 90ande år. Dagane avsluttar med Bane Junior. Publikumsbussen går kvar halve time og er framleis gratis.

Følg landsskyttarstemnet på NRK

Publisert: 31 jul 2008
Landsskytterstevnet 2008

NRK sine sendingar er på lufta. Opptaka vert gjort på Skyttarstadion, med utandørs studio plassert midt mellom publikum.

Forrige Neste
Du ser på side 2 av 11