Mandag 06 sep, 2010

Landsskyttarstemnet 2008 er igang!

Hovudsponsorarar
Sparebanken Sogn og Fjordane Sunnfjord Energi Firda Enivest HV 11
Andre støttespelarar
Førde Kommune Fjord1 Sunnfjord Energi Umoe IKT Inventum Relacom Sivilforsvaret

Opplevingar

Førde og Sunnfjord har mange kultur og friluftstilbod, desse finn du meir om på nettidene til Reisemål Sunnfjord og Førde kommune. Under LS-2008 vil vi legge ut meir informasjon om kva som skjer og kva du kan oppleve i Førde og Sunnfjord i perioden 25. juli - 2. august.

Førde Terapibasseng

Åpent måndag - fredag 11:00 - 18:00
Laurdag 26.07 og søndag 27.08 - åpent fra 11:00 - 18:00
Enkelbillet vaksne, kr 60,-
Familiebillett, kr 200,-
www.terapibassenget.no

Førdehuset - Kulturhus, Kino, Symjehall og Dusjanlegg

Førde kommune held symjehallen i Førdehuset ope under LS-2008. Her vil det også vere ope dusjanlegg for dei som bur på campingen.


FØRDEHUSET - KULTURHUS, KINO, SYMJEHALL OG DUSJANLEGG
Tlf. 57 72 19 00, www.forde.kommune.no

I Førdehuset finn du mange kultur- og idrettstilbod: Kultureininga er kulturadministrasjonen i Førde kommune. Førde bibliotek, Kino Førde, Symjehall, Idrettshall og Førde stadion med kunstgrasbane, naturgrasbane og friidrettsbane er også del av Kultureininga. Vi leiger også ut lokale i Førdehuset til møter, kurs og konferansar, øvingslokale til musikk og dans, lokale til utstillingar. I kafèen og vrimlearealet i Førdehuset er det tilgang til trådlaust breiband (EniVest hotspot), passord/betaling via mobiltelefon.


Symjehallen i Førdehuset
Laurdag 26. juli kl 10.00 - 15.00
Søndag 27. juli kl 15.00 - 19.00
Måndag 28. juli kl 12.00 - 20.00
Tysdag 29. juli kl 12.00 - 20.00
Onsdag 30. juli kl 12.00 - 20.00
Torsdag 31. juli kl 12.00 - 20.00
Fredag 1. august kl 12.00 - 20.00
Laurdag 2. august kl 12.00 - 15.00


Born under 10 år i følgje med vaksne
Hovudbasseng 25 m, 28(superscript: o) C
Barnebasseng 9 m, 30(superscript: o) C
Vassklie 38 m
Stupebasseng 1 m og 5 m
Badstu


Sal av badeartiklar som Shampo (antiklor), symjebriller og armvinger til born. Det er også sal av badebleier som alle bleieborn skal bruke når dei er i symjehallen.


Billettprisar til symjehallen:
Vaksne kr 65,-
Barn kr 45,-
Skule/studenr kr 50,-
Familiebillett (2 vaksne+2 barn) kr 175,-


Tilgang til dusj i garderobe i Førdehuset:
Laurdag 26. juli kl 09.00 - 18.00
Søndag 27. juli kl 08.00 - 21.00
Måndag 28. juli kl 08.00 - 21.00
Tysdag 29. juli kl 08.00 - 21.00
Onsdag 30. juli kl 08.00 - 21.00
Torsdag 31. juli kl 08.00 - 21.00
Fredag 1. august kl 08.00 - 21.00
Laurdag 2. august kl 09.00 - 18.00


Dusj i garderobe: kr 30,-
Familie: kr 60,-
Vi oppmodar dykk til å nytte badesko ved dusjing / bruk av garderobar i Førdehuset.


Kafeèn i Førdehuset i LS veka:
Kafeen er open kvar dag kl 11.00 - 21.00
Dagens middag kr 75,-
Tlf. 57 72 19 99


Førde bibliotek i Førdehuset i LS veka:
Måndag, onsdag, fredag: 11.00 -15.00
Tysdag, torsdag: 11.00-18.00
Laurdag: 11.00-14.00


I biblioteket har du tilgang til:
Aviser, lokalaviser og riksaviser, tidsskrift
Tilgang til PCar med printer
Trådlaust nettverk
Bøker, lydbøker, film og musikk for store og små
Lokalhistorisk avdeling.
Lesesal


Kino Førde i Førdehuset i LS veka:
Film på Kino Førde alle dagar (ettermiddag / kveld)
Kinoprogram og kjøp billett: www.forde.kommune.no
Billettar kan også tingast på telefon 57 72 19 00 eller kjøpast direkte på Førde kommune, Servicetorget på dagtid måndag-fredag eller i Førdehuset før filmen startar.


Bråddway - billettsal gjennom Førdehuset:
Sommarshowet i Førde i år har helse og velferd som "grøn" tråd. Her får du mystikk og treningsnarkomani. Spå og spa. Skarpslipte kirurgar og kjenslevare psykologar. Hypokonderi og pilletrilling. Alt koka saman i ei gryte!
Spelestad: Amfiscena i "Førde Nye Rådhus" i Sentrum Sør
Link til Bråddway: www.sommarfest.no
Meir info.og kjøp billettar på www.forde.kommune.no
Billettbestilling på telefon 57 72 19 00 eller førehandssal på Førde kommune, servicetorget på dagtid måndag-fredag eller i Førdehuset. Alle dagar frå søndag 27. juli til torsdag 31. juli kl 18.00 og kl 21.00


Meir om Førdehuset:
Førdehuset er eit regionalt kulturbygg på 17 500 m2. Plassert midt i Førde sentrum er det regionale kulturhuset ein viktig hjørnestein for kulturlivet i Førde, Sunnfjord og Sogn og Fjordane.


Faste leigetakarar i Førdehuset:
Sunnfjord Cafe & Catering - tlf. 57 72 19 99
Førdefestivalen - www.fordefestival.no
Kunstsenter - www.sfk.museum.no/ks.htm
Reisemål Sunnfjord - www.sunnfjord.no
Sogn og Fjordane fylkesbibliotek
Sogn og Fjordane Teater - www.softeater.no


Største idrettsaktørar i Førdehuset:
Førde Idrettslag FIL
Førde Volleyballklubb
Handball
Fotball: FIL Fotball