Mandag 06 sep, 2010

Landsskyttarstemnet 2008 er igang!

Hovudsponsorarar
Sparebanken Sogn og Fjordane Sunnfjord Energi Firda Enivest HV 11
Andre støttespelarar
Førde Kommune Fjord1 Sunnfjord Energi Umoe IKT Inventum Relacom Sivilforsvaret

Om LS2008

Landsskyttarstemnet 2008 blir arrangert i Førde i Sogn og Fjordane i perioden 25. juli - 2. august. Lokal arrangør er Førde Skyttarlag, med samarbeid og hjelp frå andre lokale lag og organisasjonar. Viktigaste hjelparen er likevel Forsvaret ved HV-11. Vi reknar med at ca 5000 skyttarar vil delta under LS-2008, av dette ca 1100 i rekrutt og juniorklassane. Både bane- og feltskytinga ligg i eit område 8 til 9 km frå Førde sentrum, vestover i retning Askvoll. Det har vore landsskyttarstemne i Førde to gongar tidlegare, i 1988 og i 1997, og skytebanene ligg i same området som tidlegare.

Vi har modernisert skytebana til LS-2008, med betre tilrettelegging for publikum, fleire parkeringsplassar, støyisolert 200 m standplass og med ein ny finaleareana for felthurtigskyting.


Velkommen til LS-2008 i Førde!

Praktisk info og kart

LS-2008 er eit kompakt arrangement der det er kort avstand mellom dei ulike skytebanene, og kort avstand mellom campingane og Førde sentrum. Men det er likevel lurt å prøve å gjere seg kjent på forhand, til dømes om kvar og når du får hente skytebøkene. Her er derfor litt praktisk informasjon om LS-2008 med opplysningar om sal av skytebøker, opprop, transport m.m. Vi har også laga kart og eit flyfoto over Førde sentrum, og kart over skytebana og feltløypa.

Skytetider under LS2008

Tidstabell for dei ulike klassane og øvelsane, saman med skytetider for den enkelte skyttar, er lagt ut på DFS sine nettsider, sjå www.dfs.no. Etteranmelding kan berre skje til DFS, til firmapost@dfs.no INNAN 3.juli.

Feltskytingar på Landsskyttarstemnet 2008

Feltopplegget for LS i Førde er klart. Oversikt på figurar og avstand for dei ulike holda på Grovfelt, Finfelt, Millitært NM, Stang og Felthurtig finn du her