Her finn du meir informasjon om innkvartering, både skyttarcampen og om privat innkvartering.
Vi har mange som vil leige ut hus + leiligheiter, så dersom du er interessert i privat innkvartering er det mange gode tilbod. Sjå "Privat leige" under.
Påmelding til skyttarcampen er 1. mai og dette må skje gjennom skyttarlaget ved å sende inn felles påmeldingsskjema + betale leiga innan 1. mai.
Les meir her: Orientering om innkvartering
Påmeldingsskjema til skyttarcampen: Påmelding skyttarcamp
Vi formidlar privat utleige og leige av hus, leilegheit, hytter og campingvogn. Dette skjer ved at den som vil leige ut og/eller den som vil leige kan sende inn skjema med opplysningar. Desse opplysningane blir lagt på nettet med kontaktinformasjon direkte til utleigar eller leigetakar. Pris m.m. blir avtalt direkte mellom leigetakar og utleigar, og LS-2008 har ikkje ansvar for leigevilkår. Desse opplysningane blir lagt på nettet som annonse og med kontaktinformasjon direkte til utleigar eller leigetakar, og vi tek 200 kr i annonsepris.
Det meste av slike kommersielle overnattingstilbod er oppbestilt under LS-2008, men det kan likevel vere ledige plassar att. Vi viser her til nettsidene til dei lokale reiselivsselskapa: Sjå: www.sunnfjord.no for dei nærmaste kommunane Førde, Gaular, Naustdal og Jølster. Eller sjå www.vestkysten.no eller www.jensbua.no dersom du vil bu på kysten i kommunane Flora eller Askvoll. Dette ligg ca ein time frå Førde.
Vi har no fått nesten 900 påmeldingar til skyttarcampane. Her er liste som viser kor mange som er påmeldt frå kvart skyttarlag, kor mange som skal ha straum, og kvar skyttarlaga/samlaga er plassert. Her ligg også eit oversiktskart som viser dei ulike campingplassane. Alle campingane ligg i gangavstand til butikk og/eller Førde sentrum. Ver venleg å melde i frå til stemnekontoret dersom de oppdagar feil.
Vi har framleis nokre ledige plassar, men heretter kan du dessverre ikkje rekne med å få plass saman med ditt eige lag/samlag.
Filer: Camping - lagvis plassering | Kart skyttarcamp
Velkommen til skyttarcampane !
For dei mange som skal opphalde seg på skyttarcampane under LS kan det vere greitt å vite kva for toalettfasilitetar som blir tilrettelagt. Her blir det toalett i containervogner, ein avdeling for damer og ein for menn, 4 + 4 toalettavlukke og vask med varmt og kaldt vatn. Leverandøren lovar at kvar container skal kunne tene 270 personar i timen. Kvar skyttarcamp har slike containarar. Eit profesjonelt byrå skal vaske og halde i orden toaletta min. 4 gonger for dag.
Klikk for å sjå bilder frå fasilitetane ved skyttarcampen
På skyttarstadion er det eit heilt nytt toalettanlegg med 20 einingar fordelt på dame og herreavdeling. Handikaptoalett/stellerom er i Skyttartun.
Førde kommune held symjehallen i Førdehuset ope under LS-2008. Her vil det også vere ope dusjanlegg for dei som bur på campingen.
FØRDEHUSET - KULTURHUS, KINO, SYMJEHALL OG DUSJANLEGG
Tlf. 57 72 19 00, www.forde.kommune.no
I Førdehuset finn du mange kultur- og idrettstilbod: Kultureininga er kulturadministrasjonen i Førde kommune. Førde bibliotek, Kino Førde, Symjehall, Idrettshall og Førde stadion med kunstgrasbane, naturgrasbane og friidrettsbane er også del av Kultureininga. Vi leiger også ut lokale i Førdehuset til møter, kurs og konferansar, øvingslokale til musikk og dans, lokale til utstillingar. I kafèen og vrimlearealet i Førdehuset er det tilgang til trådlaust breiband (EniVest hotspot), passord/betaling via mobiltelefon.
Symjehallen i Førdehuset
Laurdag 26. juli kl 10.00 - 15.00
Søndag 27. juli kl 15.00 - 19.00
Måndag 28. juli kl 12.00 - 20.00
Tysdag 29. juli kl 12.00 - 20.00
Onsdag 30. juli kl 12.00 - 20.00
Torsdag 31. juli kl 12.00 - 20.00
Fredag 1. august kl 12.00 - 20.00
Laurdag 2. august kl 12.00 - 15.00
Born under 10 år i følgje med vaksne
Hovudbasseng 25 m, 28(superscript: o) C
Barnebasseng 9 m, 30(superscript: o) C
Vassklie 38 m
Stupebasseng 1 m og 5 m
Badstu
Sal av badeartiklar som Shampo (antiklor), symjebriller og armvinger til born. Det er også sal av badebleier som alle bleieborn skal bruke når dei er i symjehallen.
Billettprisar til symjehallen:
Vaksne kr 65,-
Barn kr 45,-
Skule/studenr kr 50,-
Familiebillett (2 vaksne+2 barn) kr 175,-
Tilgang til dusj i garderobe i Førdehuset:
Laurdag 26. juli kl 09.00 - 18.00
Søndag 27. juli kl 08.00 - 21.00
Måndag 28. juli kl 08.00 - 21.00
Tysdag 29. juli kl 08.00 - 21.00
Onsdag 30. juli kl 08.00 - 21.00
Torsdag 31. juli kl 08.00 - 21.00
Fredag 1. august kl 08.00 - 21.00
Laurdag 2. august kl 09.00 - 18.00
Dusj i garderobe: kr 30,-
Vi oppmodar dykk til å nytte badesko ved dusjing / bruk av garderobar i Førdehuset.
Kafeèn i Førdehuset i LS veka:
Kafeen er open kvar dag kl 11.00 - 21.00
Dagens middag kr 75,-
Tlf. 57 72 19 99
Førde bibliotek i Førdehuset i LS veka:
Måndag, onsdag, fredag: 11.00 -15.00
Tysdag, torsdag: 11.00-18.00
Laurdag: 11.00-14.00
I biblioteket har du tilgang til:
Aviser, lokalaviser og riksaviser, tidsskrift
Tilgang til PCar med printer
Trådlaust nettverk
Bøker, lydbøker, film og musikk for store og små
Lokalhistorisk avdeling.
Lesesal
Kino Førde i Førdehuset i LS veka:
Film på Kino Førde alle dagar (ettermiddag / kveld)
Kinoprogram og kjøp billett: www.forde.kommune.no
Billettar kan også tingast på telefon 57 72 19 00 eller kjøpast direkte på Førde kommune, Servicetorget på dagtid måndag-fredag eller i Førdehuset før filmen startar.
Bråddway - billettsal gjennom Førdehuset:
Sommarshowet i Førde i år har helse og velferd som "grøn" tråd. Her får du mystikk og treningsnarkomani. Spå og spa. Skarpslipte kirurgar og kjenslevare psykologar. Hypokonderi og pilletrilling. Alt koka saman i ei gryte!
Spelestad: Amfiscena i "Førde Nye Rådhus" i Sentrum Sør
Link til Bråddway: www.sommarfest.no
Meir info.og kjøp billettar på www.forde.kommune.no
Billettbestilling på telefon 57 72 19 00 eller førehandssal på Førde kommune, servicetorget på dagtid måndag-fredag eller i Førdehuset. Alle dagar frå søndag 27. juli til torsdag 31. juli kl 18.00 og kl 21.00
Meir om Førdehuset:
Førdehuset er eit regionalt kulturbygg på 17 500 m2. Plassert midt i Førde sentrum er det regionale kulturhuset ein viktig hjørnestein for kulturlivet i Førde, Sunnfjord og Sogn og Fjordane.
Faste leigetakarar i Førdehuset:
Sunnfjord Cafe & Catering - tlf. 57 72 19 99
Førdefestivalen - www.fordefestival.no
Kunstsenter - www.sfk.museum.no/ks.htm
Reisemål Sunnfjord - www.sunnfjord.no
Sogn og Fjordane fylkesbibliotek
Sogn og Fjordane Teater - www.softeater.no
Største idrettsaktørar i Førdehuset:
Førde Idrettslag FIL
Førde Volleyballklubb
Handball
Fotball: FIL Fotball
, eller bruk vårt online skjema for å sende oss ein epost.